Albert Fert
Albert Fert | |
| |
Fødd | 7. mars 1938 Carcassonne i Frankrike |
---|---|
Bustad | Paris |
Nasjonalitet | Fransk |
Område | Fysikkfysikk |
Yrke | fysikar, universitetslærar |
Institusjonar | Université Paris-Sud Michigan State University |
Alma mater | École normale supérieure |
Doktorgradsrettleiar | I. A. Campbell |
Kjend for | Gigantmagnetoresistanseffekten |
Utmerkingar | Wolfprisen i fysikk (2006) Japanprisen (2007) Nobelprisen i fysikk (2007) |
Medlem | Det franske vitskapsakademiet Académie des technologies Academia Europaea Académie des arts et des sciences de Carcassonne |
Nobelprisen i fysikk
2007
Albert Fert (fødd 7. mars 1938) er ein fransk forskar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk for 2007 saman med Peter Grünberg. Dei to fekk prisen for utviklinga av ein teknologi som har ført til at storleiken på harddiskar i datamaskinar er vorte kraftig redusert dei siste åra.
Biografi[endre | endre wikiteksten]
Fert tok eksamen ved École normale supérieure i Paris i 1962. Han tok ein mastergrad i 1963 på Université Paris IV - Sorbonne, og tok doktorgraden sin i 1970 på Université Paris-Sud. I 1988 oppdaga Fert den kvantemekaniske gigantmagnetoresistanseffekten (GMR), som samstundes og heilt uavhengig vart oppdaga av Peter Grünberg frå Forschungszentrum Jülich.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Albert Fert» frå Wikipedia på bokmål, den 18. februar 2012.