Ernest Walton
Ernest Thomas Sinton Walton | |
![]() Ernest Thomas Sinton Walton | |
Fødd | Ernest Thomas Sinton Walton 6. oktober 1903 Dungarvan i Irland |
---|---|
Død | 25. juni 1995 (91 år) Belfast i Nord-Irland |
Nasjonalitet | Irsk |
Område | Fysikkfysikk, kjernefysikk, partikkelfysikk |
Yrke | Fysikar |
Institusjonar | Trinity College Dublin University of Cambridge Methodist College Belfast |
Alma mater | Trinity College i Cambridge Methodist College Belfast Trinity College Cookstown High School |
Doktorgradsrettleiar | Ernest Rutherford |
Kjend for | Den første oppløysinga av ein atomkjerne med kunstig akselererte proton (splitta atom) |
Utmerkingar | Hughesmedaljen (1938) Nobelprisen i fysikk (1951) |
Ektefelle | Winifred Walton |
Ernest Thomas Sinton Walton (6. oktober 1903–25. juni 1995) var ein irsk fysikar.
Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1951 saman med John Cockcroft for arbeidet med endringa av atomkjernen gjennom kunstig akselererte atom (òg kalla atomspalting).
Frå 1927 til 1934 var han stipendiat ved Cavendish Laboratory i Cambridge, som då vart leia av Lord Rutherford. Frå 1934 var han tilknytt Trinity College i Dublin. Han var professor der frå 1946 til 1974. I Cambridge arbeidde Walton med utvikling av partikkelakseleratorar, og konstruerte saman med John Cockcroft eit høgspenningsanlegg, den såkalla Cockcroft-Walton-generatoren. Ved å akselerere proton med denne til ein energi på 500 (seinare 700) keV, og sende protona mot eit litiumtarget, fann dei i 1932 at det vart frigjort a-partiklar. Reaksjonen som føregjekk var den første kjende kjernereaksjonen indusert ved kunstig akselererte partiklar, og oppdaginga blir rekna som innleiinga til moderne eksperimentell kjernefysikk. Walton fekk saman med Cockcroft i 1951 Nobelprisen i fysikk for arbeidet sitt på dette området.
Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ernest Walton» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Ernest Thomas Sinton Walton. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Ernest_thomas_sinton_walton