Joseph Hooton Taylor jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joseph Hooton Taylor jr.
2008JosephTaylorWithMarietta.jpg
Fødd29. mars 1941 (77 år)
Philadelphia i Pennsylvania i USA
NasjonalitetAmerikansk
Områdefysikk
Yrkeastronom, astrofysikar, fysikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of Massachusetts Amherst
Alma materHaverford College
Harvard University
DoktorgradsstudentarVictoria Kaspi
Kjend forPulsarar
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
American Astronomical Society

Joseph Hooton Taylor jr. (fødd 29. mars 1941) er ein amerikansk radioastronom. Han tok doktorgrad ved Harvard University i 1968. Han underviste ved University of Massachusetts, Ahmerst, mellom 1969 og 1981, og vart seinare professor ved Princeton University i 1986.

Taylor jr. mottok Nobelprisen i fysikk i 1993, saman med sin landsmann Russell Alan Hulse, for oppdaginga av ein ny type pulsar, ei oppdaging som opna nye moglegheiter for studiet av gravitasjon.

Taylor jr., og hans medhjelpar Hulse, oppdaga den første binære pulsaren i 1974. Pulsarar er raske roterande nøytronstjerner som sender ut korte regelmessige puls av radiostråling. Uregelmessigheita i pulsane frå pulsaren PSR 1913+16 fekk dei til å dra konklusjonen om at denne pulsaren hadde ein følgjesvein i form av ei anna nøytronstjerne som svevde rundt i ein tett bane.

Oppdaginga av denne pulsaren gjorde det òg mogeleg å kunne oppdage gravitasjonsbølgjer for første gong. Det samla sterke gravitasjonsfelt til dei to stjernene påverkar frekvensen på radiopulsane som vert sendt ut, og Taylor og Hulse kunne vise at stjernene roterte mykje raskare nær kvarandre. Det vart foreslått att dette kom av at stjernene taper energi når dei sender ut gravitasjonsbølgjer. Dette var det første eksperimentelle beviset på gravitasjonsbølgjer eksisterer, etter at det vart foreslått av Albert Einstein i relativitetsteorien hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]