Edward Victor Appleton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edward Victor Appleton

Sir Edward Victor Appleton (6. september 189221. april 1965) var ein engelsk fysikar, kjend for undersøkingane sine av ionosfæren. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1947 for grunnleggande arbeid over Heaviside-laget og utbreiinga av radiobølgjer i atmosfæren. I 1946 fekk han Faraday-medaljen av Institute of Electrical Engineers.

Frå 1924 var han professor i fysikk ved King's College i London og frå 1936 professor i naturfilosofi ved universitetet i Cambridge. Frå 1939 til 1948 var han sekretær i Department of Scientific and Industrial Research i London og frå 1948 rektor ved universitetet i Edinburgh. Han var medlem av Royal Society og president i International Scientific Radio Union. Appleton fekk Nobelprisen 1947

Kjelder[endre | endre wikiteksten]