Manne Siegbahn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Manne Siegbahn
1924 Karl Manne Siegbahn.jpg
Fødd 3. desember 1886
Örebro i Sverige
Død 26. september 1978 (91 år)
Stockholm i Sverige
Nasjonalitet Svensk
Område Fysikk
Yrke fysikar, universitetslærar
Institusjonar Lunds universitet
Uppsala universitet
Stockholm universitet
Alma mater Lunds universitet
Kjend for Røntgenspektroskopi
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1924)
Hughesmedaljen (1934)
Rumfordmedaljen (1940)
Medlem Royal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Det franske vitskapsakademiet
Merknader
Han er far til nobelprisvinnararn Kai Siegbahn.

Karl Manne Georg Siegbahn (3. desember 188626. september 1978) var ein svensk fysikar. I 1924 vart han tildelt Nobelprisen i fysikk «for sine funn og forsking innan røntgenspektroskopi».[1]

Siegbahn tok ein filosofisk doktorgrad ved Universitetet i Lund i 1911, avhandlinga fekk tittelen Magnetische Feldmessungen. Han var konstituert professor for Johannes Rydberg då helsa hans svikta, og han etterfølgde han som professor i 1920.

Etter doktorgraden, fortsette Siegbahn forskinga på røntgenspektroskopi. Han fortsette arbeidet òg etter at han flytta til Universitetet i Uppsala i 1923. Her utvikla og forbetra han eksperimentelle apparat som tillet han å utføre særs presise målingar av røntgenstrålinga bølgjelengder, skapt av atom frå ulike stoff. Han utvikla ein konvensjon for å namngje dei ulike spektrallinjene som er karakteristiske for stoffa i røntgenspektroskopi. Dei presise målingane til Siegbahn medverka mykje til utviklinga innan kvanteteori og atomfysikk.[2]

Han var far til Kai Siegbahn som sjølv fekk Nobelprisen i fysikk i 1981.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]