Jack Steinberger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jack Steinberger
Jack-Steinberger-2008.JPG
Jack Steinberger
FøddHans Jakob Steinberger
25. mai 1921 (97 år)
Bad Kissingen
NasjonalitetTysk-amerikansk
Områdefysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarColumbia University
CERN
Alma materUniversity of Chicago
Illinois Institute of Technology
New Trier High School
Kjend forOppdagubga av myonnøytrino
BarnNed Steinberger, Julia K. Steinberger
MedlemAccademia Nazionale dei Lincei
Heidelberger Akademie der Wissenschaften
American Academy of Arts and Sciences
Academia Europaea

Jack Steinberger (fødd 25. mai 1921) er ein tysk-amerikansk fysikar som i 1988 mottok Nobelprisen i fysikk. Han vart tildelt prisen på bakgrunn av metoden med nøytrinostrålar og påvisinga av dobbeltstrukturen til leptonet gjennom oppdaginga av myonnøytrino. Prispengane vart delt med Leon M. Lederman og Melvin Schwartz.

Steinberger emigrerte til USA i 1934 og tok doktorgraden sin ved University of Chicago i 1948. Han var professor ved Columbia University i New York, frå 1950 til 1971. Frå 1968 arbeidde han ved CERN i Geneve.

På starten av 1960-talet utførde Lederman, Schwartz og Steinberger eksperiment ved Brookhaven National Laboratory der dei brukte partikkelakselerator for å generere ein stråle av nøytrino, partiklar som ikkje har nokon påviseleg masse eller elektrisk ladning. Det var kjent at når nøytrinoet treffer materie, så blir generert nokre gonger elektron eller elektronlike partiklar som blir kalla myonar. Det var derimot ikkje kjent om dette kom av at det fanst ulike typar nøytrinoar. Lederman, Schwartz og Steinberger viste at dette var tilfelle og kalla den tidlegare uidentifiserte typen av nøytrinoar som genererte myonar for myonnøytrino.

Denne oppdaginga leia til innsikta i at leptona, den familien av partiklar som elektron og nøytrinoar tilhøyrer, dannar «familiar» av partiklar. Dette er no ein del av standardmodellen som skildrar oppbygginga og kategoriseringa av elementærpartiklane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]