Makoto Kobayashi
小林 誠 Makoto Kobayashi | |
![]() | |
Fødd | 7. april 1944 (78 år) Nagoya i Japan |
---|---|
Statsborgarskap | Japan |
Nasjonalitet | Japan |
Område | partikkelfysikk |
Yrke | teoretisk fysikar, fysikar |
Institusjonar | Universitetet i Nagoya Universitetet i Kyoto High Energy Accelerator Research Organization |
Alma mater | Universitetet i Nagoya |
Doktorgradsrettleiar | Shoichi Sakata |
Medlem | Det japanske akademi |
Makoto Kobayashi (fødd 7. april 1944) er ein japansk fysikar som er mest kjend for arbeidet sitt med CP-brot. Han delte halvparten av prispengane frå Nobelprisen i fysikk i 2008 saman med Toshihide Maskawa «for oppdaginga av opphavet til den brotne symmetrien som føreseier eksistensen av minst tre kvarkefamiliar i naturen». Den andre halvparten av prispengane vart tildelt Yoichiro Nambu «for oppdaginga av mekanismane for spontant symmetribrot i subatomær fysikk».
Etter å ha fullført doktorgraden sin ved universitetet i Nagoya i 1972 jobba Kobayashi med forsking som førsteamanuensis på partikkelfysikk ved universitetet i Kyoto. Der arbeidde han for det meste med å forklare CP-brot i standardmodellen for partikkelfysikk. Kobayashi arbeidde frå 1979 ved akseleratoranlegget High Energy Accelerator Research Organization (KEK), der han vart professor i 1989 og professor emeritus i 2006.
I 2008 vart Kobayashi tildelt Japans Order of Culture i ein seremoni som vart heldt på Tokyo Imperial Palace.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Makoto Kobayashi» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Makoto Kobayashi. (05.10.2011) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Makoto_kobayashi