Johannes Stark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Stark
Johannes Stark.jpg
Fødd15. april 1874
Freihung i Det tyske keisarriket
Død21. juni 1957 (83 år)
Traunstein i Vest-Tyskland
NasjonalitetTyskland
Områdespektroskopi
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarJulius-Maximilian-universitetet i Würzburg
Universitetet i Göttingen
RWTH Aachen
Ernst-Moritz-Arndt-Universität Greifswald
Alma materUniversitetet i München
DoktorgradsrettleiarEugen von Lommel
Kjend forStark-effekt
MedlemDeutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Accademia Nazionale dei Lincei

Johannes Stark (15. april 187421. juni 1957) var ein tysk fysikar. I 1913 oppdaga han Stark-effekten, dvs forskyving og oppsplitting av atoms og molekyls spektrallinjer i eit elektrisk felt.

Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1919.

Etter andre verdskrigen vart han dømd til fire års fengsel for sin aktive innsats for ein «arisk» fysikk i motsetnad til den «jødiske» fysikken til Albert Einstein og Werner Heisenberg. Grunntanken, som ein annan Nobelprisvinnar, Philipp Lenard, utvikla i firebindsverket sitt Deutsche Physik frå 1935, var at alt menneskeverk, inkludert vitskap, avspeglar rasen til skaparen, slik at tysk fysikk var meir eksperimentell og samfunnsnyttig enn den «jødiske», som vart framstilt som spekulativ og abstrakt, fordi ein «ariar» visstnok trekte slutningar frå observasjonar av naturen, medan ein jøde nøgde seg med matematiske formlar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]