Aage Niels Bohr
| Aage Niels Bohr | |||
| | |||
| Fødd | 19. juni 1922 København | ||
|---|---|---|---|
| Død | 8. september 2009 (87 år) København | ||
| Nasjonalitet | Dansk | ||
| Område | Kjernefysikk | ||
| Yrke | fysikar, pedagog, kjernefysikar | ||
| Institusjonar | Manhattanprosjektet Universitetet i København | ||
| Alma mater | Universitetet i København | ||
| Doktorgradsrettleiar | Niels Bohr | ||
| Kjend for | Geometrien til atomkjernene | ||
| Ektefelle | Marietta Soffer | ||
| Barn | Tomas Bohr | ||
| Medlem | Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Kungliga Vetenskapsakademien Det pavelege vitskapsakademiet National Academy of Sciences Det polske vitenskapsakademi American Academy of Arts and Sciences American Philosophical Society | ||
Merknader Aage Niels Bohr er son av fysikaren Niels Bohr | |||
![]()
Nobelprisen i fysikk
1975
Aage Niels Bohr (fødd 19. juni 1922 i København, død 8. september 2009 i København) var ein dansk fysikar og nobelprisvinnar. Han er son av den store fysikaren Niels Bohr som sjølv vart tildelt Nobelprisen i 1922.
Han etterfølgde far sin i 1956 som professor i fysikk i København. Bohr var ein dugande teoretisk fysikar og matematikar, og kjend for bidraga sine til forståinga av strukturen i atomkjernene og særskild for den skildringa han saman med amerikanaren Ben Mottelson og Leo James Rainwater gav av atomkjernane og som dei saman fekk nobelprisen i fysikk for i 1975. Bohr hadde ein vesentleg del av æra for at København òg etter at Niels Bohr døydde helt fram som eit verdssentrum for kjernefysisk forsking.
Bohr vart æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1969, ved Universitetet i Trondheim i 1972. Same året fekk han den amerikanske Atoms for Peace-prisen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Aage Niels Bohr. (2012-02-16) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Aage_Niels_Bohr
- Einskildmenn
- Fødde i 1922
- Døde i 2009
- Danske kjernefysikarar
- Danske fysikarar
- Nobelprisen i fysikk
- Danske nobelprisvinnarar
- Folk frå København
- Professorar ved Københavns Universitet
- Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet
- Medlemmar av Det pavelege vitskapsakademiet
- Medlemmar av United States National Academy of Sciences
- Æresdoktorar ved NTNU
- Æresdoktorar ved Universitetet i Oslo
- Fysikarar på 1900-talet
- Familien Bohr