Otto Stern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Otto Stern
Otto Stern.jpg
Fødd17. februar 1888
Sohrau i Kongeriket Preussen
Død17. august 1969 (81 år)
Berkeley i California i USA
NasjonalitetTysk
Områdefysikk
Yrkefysikar, kjemikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Hamburg
University of California, Berkeley
Carnegie Mellon University
Universität Rostock
Alma materUniversität Breslau
Universität Frankfurt
Kjend forSpinn
MedlemDet Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
American Philosophical Society
American Association for the Advancement of Science
National Academy of Sciences
Göttingens vitenskapsakademi

Otto Stern (17. februar 188817. august 1969) var ein tysk fysikar og nobelprisvinnar. Ti år etter at han flykta frå heimlandet til USA, vart han tildelt Nobelprisen i fysikk «for medverkinga si til utviklinga av den molekylære strålingsmetoden og oppdaginga hans av det magnetiske momentet til protonet»[1]


Stern fullførte studia sine ved Universitetet i Breslau i 1912 med ein doktorgrad i fysikalsk kjemi. Han følgde så Albert Einstein til Karlsuniversitetet i Praha og seinare til ETH Zürich. Stern mottok habilitasjonen sin ved Johann Wolfgang Goethe-Universität i Frankfurt i 1915 og i 1921. Han vart seinare professor ved Universitetet i Rostock, som han forlet i 1923 for å jobbe med det nyleg grunnlagte Institut für Physikalische Chemie ved Universitetet i Hamburg.

Etter at han gjekk av frå stillinga ved Universitetet i Hamburg i 1933 då nazistane tok over makta, vart han professor i fysikk ved Carnegie Institute of Technology, og seinare professor emeritus ved University of California, Berkeley.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nobelprisen i fysikk 1943» (engelsk). Nobelprize.org. Henta 8. februar 2011.