Eirik Sivertsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eirik Sivertsen

Eirik Sivertsen (fødd 17. mars 1971 i Trondheim) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han er frå 2009 stortingsrepresentant for Nordland fylke og sit i kommunal- og forvaltingskomiteen.

Sivertsen var leiar av Bodø Arbeidarparti frå august 2006 til 2009. Etter kommunevalet 2007 vart han politikar på heiltid som leiar i Plan-, miljø- og næringskomiteen i Bodø kommune. Sivertsen gjekk då frå stillinga som kvalitetskordinator ved Høgskolen i Bodø.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • TV2 - presentasjon av kandidaten.