Svein Roald Hansen
Svein Roald Hansen (fødd 20. august 1949 i Fredrikstad) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han har site på Stortinget for Østfold fylke sidan 2001.
Hansen starta sin politiske karriere som politisk rådgivar for Gro Harlem Brundtland i 1993. Han vart valt inn på Stortinget frå Østfold i 2001 og valt på nytt i 2005 og 2009. Frå 2003 har han også vore leiar for Europarørsla. Hansen var ordførar i Fredrikstad i perioden 1995–1999. Han kom inn i kommunestyret i Borge i 1983, og heldt fram i Fredrikstad ved kommunesamanslåinga i 1994 og vart valt på nytt seinast i 2007.
Hansen har studert historie og statsvitskap og arbeidde som journalist, i NTB frå 1971 til 1974, deretter Oppland Arbeiderblad til 1978. Deretter var han redaksjonssjef i Demokraten frå 1978 til 1982 og så redaksjonssekretær i Oslo-redaksjonen til A-pressen fram til 1983.
Frå 1983 var han politisk rådgivar for Gro Harlem Brundtland på Stortinget, ein posisjon han seinare også hadde ved statsministerens kontor.
I perioden 1990–92 var Hansen redaktør i Sarpsborg Arbeiderblad, og frå 1999 til 2001 var han direktør for informasjon og samfunnskontakt i Hafslund ASA.
Regjering [endre]
- 1. januar 1986 – 1. januar 1989: politisk rådgivar ved statsministerens kontor
- 10. januar 1992 – 4. august 1995: statssekretær ved statsministerens kontor
Stortingskomitear [endre]
- 2009–: første nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen
- 2005–2009: andre nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen
- 2001–2005: medlem i finanskomiteen
Bakgrunnsstoff [endre]
- Fødde i 1949
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar for Østfold
- Statssekretærar frå Ap
- Ap-ordførarar i Østfold
- Ordførarar i Fredrikstad
- Folk frå Fredrikstad
- Norske journalistar
- Norske redaktørar