Torill Eidsheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Torill Eidsheim (fødd 8. april 1970) er ein norsk politikar (H) som er stortingsrepresentant for Hordaland i perioden 2013-2017. [1]

Eidsheim har vore 2. nestleiar av Hordaland Høgre sidan 2010, og sekretær i Lindås Høgre frå 2012. Ho har site i kommunestyret i Radøy (1999-2003) og i fylkestinget i Hordaland (2007-2013). Eidsheim er sjølvstendig næringsdrivande i forlagsbransjen og dagleg leiar av Skram Media. Ho har også hatt ei rekkje styreverv. [2]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]