Marianne Marthinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marianne Marthinsen.

Marianne Marthinsen (fødd 25. august 1980 i Jevnaker, Oppland) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart valt inn på Stortinget frå Oslo i 2005 og valt på nytt ved stortingsvalet 2009. Ho er medlem av energi- og miljøkomiteen.

Martinsen er samfunnsøkonom utdanna ved Universitetet i Oslo og har arbeidsbakgrunn som pleiarassistent og journalist i Romerikes Blad og NRK. Ho var journalist i Romerikes Blad 1996-1997, internasjonal rådgivar i Arbeidaranes Ungdomsfylking 2002-2003 og redaksjonsassistent i NRK Nyheter 2003-2005.

Marianne Marthinsen har tidlegare vore leiar av Grorud AUF, styremedlem i Attac i Noreg og nestleiar i AUF i Oslo, i tillegg til varamedlem av landsstyre til AUF (2000-2001). Frå 2005 er ho leiar av Den Socialdemokratiske Forening, som vart starta av Christian Holtermann Knudsen i 1886.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marianne Marthinsen