Jette Christensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jette F. Christensen)
Jette Christensen

Fødd1. juni 1983 (40 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
SambuarFrithjof Jacobsen
Alle verv

Jette Fugelsnes Christensen (fødd 1. juni 1983) er ein norsk Arbeidarparti-politikar og stortingsrepresentant frå Eigersund.

Christensen var vara-representant til Stortinget for Hordaland under perioden 2009–2013. Frå september 2010, då Per Rune Henriksen blei utnemnd til statssekretær, møtte Christensen fast i Stortinget til mai 2013. Ho gjekk inn i Kontroll- og konstitusjonskomiteen.[1] Periodane 2013-17 og 2017-21 hadde Christensen fast plass i Stortinget. I den siste perioden var ho medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen.

Christensen varsla i 2020 at ho ikkje ville ta attval. "Jeg opplevde rett og slett at Arbeiderpartiets stortingsgruppe var et underlig sted å være", uttrykte ho overfor avisa Bergens Tidende.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christensen, Jette F. ( 1983- ) ved stortinget.no
  2. [1] BT 23.2.2020