Let's Dance av David Bowie
| Let's Dance Studioalbum av David Bowie |
||
| Utgjeve | 14. april 1983 | |
| Innspelt | Power Station i New York, desember 1982 | |
| Sjanger | Poprock | |
| Lengd | 39:41 | |
| Selskap | EMI America Records (1983) Virgin Records (1995) EMI (1999) |
|
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| David Bowie-kronologi | ||
| Scary Monsters (and Super Creeps) (1980) |
Let's Dance | Ziggy Stardust - The Motion Picture (1983) |
Let's Dance er eit album av David Bowie frå 1983. Det er eit post-discoalbum med produksjon av Nile Rodgers frå Chic. Tittelsporet på albumet vart ein av dei største hittane til Bowie og nådde førsteplassen i Storbritannia, USA og fleire andre land. I tillegg inneheldt det singlane «Modern Love» og «China Girl», som begge nådde andreplassen i Storbritannia. «China Girl» var faktisk ein ny versjon av ein song Bowie hadde skrive i lag med Iggy Pop for Pop-albumet The Idiot i 1977. Albumet inneheld òg ein ny versjon av «Cat People (Putting Out Fire)», som var ein hit for Bowie året før. Let's Dance er òg kjend for å ha vore eit springbrett vidare i karrieren for gitarvirtuosen Stevie Ray Vaughan, som spelte på albumet. Albumet vart òg gjeven ut ein avgrensa biletplate-versjon i 1983.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «Modern Love» | 4:46 | |||||||
| 2. | «China Girl» | Bowie, Iggy Pop | 5:32 | ||||||
| 3. | «Let's Dance» | 7:38 | |||||||
| 4. | «Without You» | 3:08 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 5. | «Ricochet» | 5:14 | |||||||
| 6. | «Criminal World» | Peter Godwin, Duncan Browne, Sean Lyons | 4:25 | ||||||
| 7. | «Cat People (Putting Out Fire)» | tekst: Bowie, musikk: Giorgio Moroder | 5:09 | ||||||
| 8. | «Shake It» | 3:49 | |||||||
Nyutgjevingar [endre]
I 1995 gav Virgin Records ut albumet på ny med «Under Pressure» som bonusspor. EMI gav ut albumet i 1999 med betre digital lyd og utan bonusspor.
Den kanadiske versjonen av EMI-utgåva frå 1999 inneheld eit dataspor, slik at når CDen vart lasta på ein Windows-PC, så fekk brukaren tilgang til internettenester og anna innhald på nettsida davidbowie.com. Dette var eit av dei første forsøka av ein kjend artist på å kombinere Internett og normale marknadsførings- og distribusjonsmetodar.
EMI gav ut albumet nok ein gong i 2003 som ein hybridstereo SACD / PCM-CD.
Medverkande [endre]
Musikarar [endre]
- David Bowie – solovokal, saksofon, gitar, klaverinstrument
- Carmine Rojas – bassgitar
- Omar Hakim, Tony Thompson – trommer
- Nile Rodgers – gitar
- Stevie Ray Vaughan – sologitar
- Rob Sabino – klaverinstrument
- Mac Gollehon – trompet
- Robert Aaron, Lenny Pickett, Stan Harrison – tenorsaksofon, fløyte
- Steve Elson – barytonsaksofon, fløyte
- Sammy Figueroa – perkusjon
- Frank Simms, George Simms, David Spinner – korvokal
- David Bowie, Nile Rodgers – blåsearrangement
- Bernard Edwards – bassgitar på «Without You»
Teknisk [endre]
- David Bowie – produsent
- Nile Rodgers – produsent
- Bob Clearmountain, Nile Rodgers, David Bowie – lydteknikar/miks
- Bob Ludwig – mastering
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Let's Dance (David Bowie album)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Let's Dance – Blender». Blender. http://www.blender.com/guide/back-catalogue/53972/lets-dance.html. Henta 10. mai 2011.
| Føregjengar The Final Cut Pink Floyd |
Toppen av VG-lista David Bowie 4 veker, veke 17–20, 1983 |
Etterfylgjar Faster Than the Speed of Night Bonnie Tyler |