Makedonsk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Interaktivt kart over Republikken Makedonia

Republikken Makedonia er eit land på Balkan med eit areal på 25 333 km². Makedonia er omgjeve av land i alle kantar og har 748 km med landegrenser. Av naboland finn ein Serbia (221 km) i nord, Bulgaria (148 km) i aust, Hellas (228 km) i sør og Albania (151 km) i vest. Landet er ein stor transportkorridor frå Vest-Europa og Sentral-Europa til Egearhavet og Sør-Europa.

Landet er ein del av den større regionen Makedonia som landet har fått namn frå. Republikken Makedonia har tre store innsjøar, Ohridsjøen, Prespasjøen og Dojransjøen, alle ved grensa til Hellas. Vassarealet i landet er derfor 477 km², medan landarealet er 24 856 km².

Geografiske koordinatar: 41°50′N 22°00′EKoordinatar: 41°50′N 22°00′E

Terreng[endre | endre wikiteksten]

Fjella dominerer Makedonia og innimellom desse finn ein djupe senkingar og dalar. Landet er delt i to av elva Vardar.

Terrenget i Makedonia er hovudsakleg kupert og landet ligg hovudsakleg mellom fjella Šar Planinia og Osogovo, der elva Vardar renn ut frå. Dei tre store innsjøane, Ohridsjøen, Prespasjøen og Dojransjøen ligg langs sørgrensa i landet. Både Ohrid- og Prespasjøen er delt mellom Makedonia, Hellas og Albania. Ohridsjøen vert rekna som ein av dei eldste innsjøane og biotopa i verda.[1]. Regionen er seismisk aktiv og har hat mange øydeleggjande jordskjelv gjennom tidene. Det mest nylege kom i 1963Skopje vart hardt råka av eit stort jordskjelv som tok livet av meir enn tusen innbyggjarar.

Republikken Makedonia har òg vakre fjell. Dei høyrer til to forskjellige fjellkjeder, Dei dinariske Alpane i vest og Rodopi i aust.

Dei ti høgaste fjella i Makedonia er

Korab 2 764 m
Šar Planina 2 747 m
Baba 2 601 m
Jakupitsa 2 540 m
Nidže 2 521 m
Desjat 2 373 m
Galitsjitsa 2 288 m
Stogovo 2 273 m
Jablanitsa 2 257 m
Osogovo 2 251 m
Bistra 2 163 m
Platsjkovitsa 1 754 m

Geografiske ytterpunkt[endre | endre wikiteksten]

Det lågaste punktet er ved elva Vardar (50 moh) nær Gevgelija, og det høgaste punktet er Golem Korab (2 753 m).

Klima[endre | endre wikiteksten]

Makedonia har eit kontinentalklima som er ganske likt Sentral-Europa med kalde vintrar og varme somrar. Sommaren er den våtaste tida på året, men har meir sol og er tørrare enn til dømes Albania i vest. Vinteren er òg tørrare, kaldare og meir skya enn Albania. Mykje av landet er fjellområde og høgareliggande område, som kan få ein god del snø. Skopje har ein nedbørsnormal på 508 mm i året.

Naturressursar og arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Bevaring av natur[endre | endre wikiteksten]

Makedonia har tre nasjonalparkar og eit par nasjonale naturreservat.

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Makedonia er rikt på krom, bly, sink, mangan, wolfram, nikkel, lågverdig jernmalm, asbest, svovel og tømmer.

Arealbruk[endre | endre wikiteksten]

  • Dyrkbar mark: 24 %
  • Permanente avlingar: 2 %
  • Permanente enger: 25 %
  • Skogområde 39 %
  • Anna: 10 % (1993 est.).

I følgje estimat frå 1993 er om lag 830 km² av landet irrigert.

Naturfarar[endre | endre wikiteksten]

Stor seismisk aktivitet gjev fare for kraftige jordskjelv.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

Luftforureining frå dei metallurgiske fabrikkane er det største miljøproblemet i landet.

Internasjonale miljøvernsavtalar[endre | endre wikiteksten]

Makedonia er delaktig i avtalar som omhandlar luftforureining, biologisk mangfald, klimaendringar, miljøfarleg avfall, havrett, vern av ozonlaget, våtmarksormåde[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. moe.gov.mk
  2. Signert, men ikkje ratifisert

Kjelder[endre | endre wikiteksten]