Nevill Francis Mott
Nevill Francis Mott | |||
Nevill Francis Mott, London 1952 | |||
Fødd | 30. september 1905 Leeds i England | ||
---|---|---|---|
Død | 8. august 1996 (90 år) Milton Keynes i Buckinghamshire i England | ||
Nasjonalitet | Britisk | ||
Område | fysikk, faststoff-fysikk, legering, halvleiarar, photographic emulsion | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | University of Bristol | ||
Alma mater | St John's College, Cambridge | ||
Doktorgradsrettleiar | Ralph H. Fowler | ||
Medlem | Royal Society Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina American Academy of Arts and Sciences National Academy of Sciences |
Nevill Francis Mott (30. september 1905 –8. august 1996) var ein britisk fysikar som fekk Nobelprisen i fysikk i 1977 saman med John H. van Vleck og Philip Warren Anderson for arbeidet deira med magnetiske og elektroniske element.
Mott vart i 1962 slått til riddar[1] og fekk då rett til å føre tiltaleforma Sir føre namnet sitt. I 1995 vart han utnemnd til Order of the Companions of Honour.
Mott var professor i teoretisk fysikk i Bristol frå 1933 til 1954, og frå då og fram til 1971 professor i eksperimentell fysikk og styrer av Cavendish-laboratoriet i Cambridge. Frå 1971 til 1978 var han seniorforskar ved Imperial College i London. Mott gjorde seg merka i 1930 for ein kvantemekanisk handsaming av spreiing av alfapartiklar mot heliumkjerner. Han påviste at det på grunn av bølgjenaturen til partiklane ville det bli interferens mellom identiske partiklar. Den eksperimentelle påvisinga av dette tilhøve, som umiddelbart følgde, var ein av dei tidlege triumfane til kvantemekanikken. Dei seinare arbeida til Mott var særleg i tilknyting til rørsla til elektron i metall og halvleiarar.
Mott er òg kjent som forfattar av lærebøker i kvantefysikk.
Prisar (utval)
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nevill Francis Mott» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ London Gazette, 29. desember 1961.
- Nevill , Sir Mott. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Nevill_%2C_sir_mott