Hopp til innhald

Carl-Erik Grimstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl-Erik Grimstad

Carl-Erik Grimstad
Foto: Jo Straube / Venstre
Fødd17. september 1952 (71 år)
Fredrikstad
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkejournalist, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
MedlemEuropabevegelsen i Noreg
Alle verv

Carl-Erik Grimstad (fødd 1. mars 1952) er ein norsk politikar som representerer Venstre og er stortingsrepresentant for Vestfold frå 2017. Han har tidlegare vore medieforskar, forfattar, journalist og soussjef ved det kongelege slottet (1990–1993).[1] Grimstad er utdanna statsvitar (hovudfag), og var forskar ved Institutt for journalistikk ved Universitetet i Oslo.[2] Grimstad representerte Venstre i Tjøme kommunestyre, og var varaordførar frå 2015.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Grimstad har hovudfag i statsvitskap frå 2000.[3] Hovudfagsoppgåva hans handla om autoriteten til monarkiet. Grimstad var Press Information Officer i UNIFIL frå 1985 til 1986.[4]

Tilknyting til Slottet[endre | endre wikiteksten]

I perioden 1990–1993 arbeidde han ved det kongelege slottet, fyrst som sekretær for kronprinsesse Sonja, seinare som soussjef.[3] I denne perioden bidrog han til kongefamilien sine talar.[5] Han har også arbeidd som journalist i Dagbladet.[6] I 2000 og 2001 var har informasjonsrådgjevar.[7][8]

Trass i at han var tilsett ved hoffet på 1980- og 1990-talet, har Grimstad dei seinare åra kommentert Det norske kongehuset flittig i media, og har kome med kritikk av kongehuset og monarkiet. Kabinettsektretæren til kongen, Magne Hagen, stilte i 1998 spørsmålsteikn ved kva autoritet Grimstad hadde når det gjaldt det som skjedde på Slottet, sidan det då var fem år sidan Grimstad hadde jobba der.[6]

I 2003 gav Grimstad ut boka Den forkledte republikk. Regimer foran undergangen.[9] Grimstad er ein debattant i forhold til grensa for ytringar opp mot den private sfæren. I 2008 gav han ut boka Privatlivets ufred. I januar 2009 vart Grimstad kritisert av Ari Behn for «å spreie tabloid svada, sladder og unøyaktige påstandar om monarkiet».[10]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Grimstad er gift med journalisten Lottelise Folge.[11]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Privatlivets ufred – når ord og bilder krenker (2008)
  • Den forkledte republikk – regimer foran undergangen (2003)
  • Prinsessen og Ari – langs kjærlighetens vei (2002)
  • Hva brast så høyt? – folkemonarkiets vekst og fall (2001)
  • Kongemakten – en studie av endringer i det norske parlamentariske monarkis autoritetsgrunnlag og virkemåte (2000)
  • Vannets kraft – samfunnsbygger og miljøpåvirker (1997)
  • Norge – bilder av en moderne nasjon (1996)
  • Bak fasaden – historien om den kongelige væremåten (1994)
  • A Survey of British Trade Unionism, past and present (1976)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Libris.no: http://www.libris.no/birting/index.php?p=display.book&id=48722
  2. Journalisten, 3. mars 2008: «Eva Sannum stilte ikke opp».
  3. 3,0 3,1 VG, 17. juni 2001: «Underholdningsmonarkisten»
  4. Minnebok for den norske FN-styrken i Libanon 1985/86[daud lenkje]
  5. Aftenposten, 16. september 2004: «Kongelige taler».
  6. 6,0 6,1 Dagbladet, 5. desember 1998: «Kongen føler seg mobbet».
  7. VG, 9. februar 2000: «Haakon blir advart».
  8. VG, 13. januar 2001: «Ti år med kong Harald».
  9. VG.no: «En bok for republikanere»
  10. VG.no: «Ari Behn raser mot tidligere soussjef».
  11. Budstikka, 12. november 2007: «Kultursjefen kjøpte Esdaile-kunst[daud lenkje]».