Åsmund Aukrust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Åsmund Aukrust
Åsmund Aukrust, nestleder i AUF (6082081311).jpg
Fødd 28. februar 1985

Bærum

Åsmund Grøver Aukrust (fødd 28. februar 1985 i Bærum) er ein norsk politikar (Ap). Han er nestleiar i AUF, ein av fleire visepresidentar i International Union of Socialist Youth og innvald på Stortinget for perioden 2013-2017 som fjerdekandidat for Akershus Arbeidarparti. Han var vara til Stortinget i perioden 2009-2013.

Aukrust har teke ei bachelorgrad i sosiologi ved Universitetet i Oslo.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Aukrust har vore medlem av Bærum kommunestyre[1] og blei innvald i Fylkestinget i Akershus i 2005. I 2009 blei han varamedlem til Stortinget. Han har vore nestleiar i AUF sidan oktober 2010. Han stilte opphavleg som leiarkandidat, men tapte hårfint for Eskil Pedersen.[2] I april 2011 blei han vald som ein av visepresidentane i International Union of Socialist Youth der han er koordinator for dialog mellom EU og arabarstatane.[3] Han er også medlem av rådet til Nei til EU.[4]

Åsmund Aukrust var til stades som leiransvarleg på AUFs sommarleir på Utøya under terroråtaka 22. juli 2011. Han blei evakuert frå øya etter at politiet kom dit.[5] Aukrust var engasjert som politisk rådgjevar for kulturminister Anniken Huitfeldt 1.november - 31. desember 2011.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Presentasjon av kandidatar Akershus Arbeidarparti, henta 5. november 2012
  2. Eskil Pedersen vant kampen om ledervervet i AUF VG, 14. oktober 2010
  3. Presidium iusy.org, henta 5. november 2012
  4. Rådet Nei til EU, henta 5. november 2012
  5. Stein Halvorsen: Han så kamerater bli skutt på Utøya Budstikka, 25. juli 2011
  6. Åsmund Grøver Aukrust Regjeringa, henta 5. november 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]