Terje Halleland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terje Halleland
Fødd14. april 1966 (55 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar

Terje Halleland (fødd 14. april 1966) er ein norsk seljar og politikar frå Ølen. Han har sidan 2017 vore stortingsrepresentant frå Rogaland fylke for Framstegspartiet.

Halleland var i mange år tilsett i Berge Sag og Trelast, mellom anna som seljar av hytter. Frå slutten av 1990-åra var han ein sentral figur i Framstegpartiet i Ølen. Han var såleis medlem i Ølen kommunestyre frå 1999. Seinare kom han også inn på fylkestinget, fylkesvaraordførar 2011-15 i Rogaland. Frå april 2016 til april 2017 var han statssekretær i Landbruksdepartementet, då leia av Jon Georg Dale.

Perioden 2009-13 var Halleland fyrste vararepresentant til Stortinget for Framstegspartiet i Rogaland, møtte på Tinget i til saman 4 månader. Gjennom stortingsvalet 2017 fekk han fast plass i Stortinget, medlem i Energi- og miljøkomiteen. Han vart attvald for ein ny periode i 2021.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]