Heidi Nordby Lunde
| Heidi Nordby Lunde | |||
| | |||
| Fødd | 3. februar 1973 (53 år) Oslo | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Framstegspartiet (ukjend; 1994), Høgre (2005) | ||
| Yrke | skribent, politikar, markedsdirektør, kommunikasjonsdirektør | ||
| Institusjonar | Human-Etisk Forbund | ||
| Utdanna ved | Handelshøyskolen BI | ||
| Medlem | Framstegspartiets Ungdom Fridemokratane Europabevegelsen i Noreg Opprop for inkluderende kvinnekamp | ||
| Alle verv |
| ||
Heidi Nordby Lunde (fødd 3. februar 1973) er ein norsk skribent og politikar frå Oslo. Ho representerte partiet Høgre 0og valkrinsen Oslo i Stortinget frå 2013 til 2025.
Lunde var i mange år aktiv i Framstegspartiet, der ho markerte seg som marknadliberlist. I 2005 melde ho seg inn i partiet Høgre. Heile tingperioden 2013-17 møtte ho i Stortinget som vararepresentant for dåverande statsråd Ine Eriksen Søreide, Høgre-representant frå valkrinsen Oslo. Heile perioden hadde Lunde sete i Finanskomiteen. Frå 2017 hadde Lunde fast plass i Stortinget, også då vald frå Oslo, medlem i Arbeids- og sosialkomiteen. Valbolken 2021-25 var Lunde på ny medlem i Finanskomiteen. Stortingsvalet 2025 mista Høgre mange stortingsmandat. Lunde var ein av representantane som søkte attval, men vart sitjande med eit varamannsmandat.
2017-25 var Lunde leiar i Europabevegelsen i Norge.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Heidi Nordby Lunde» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juni 2021.