Lene Westgaard-Halle
Utsjånad
Lene Westgaard-Halle | |||
![]() | |||
Fødd | 4. juli 1979 (45 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, statsvitar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo Hawera High School | ||
Far | Dag Lars Westgaard | ||
Medlem | Unge Høgre Europeisk Ungdom | ||
Alle verv |
|
Lene Camilla Westgaard-Halle, fødd Westgaard, (fødd 4. juli 1979) er ein norsk politikar frå Drammen. Ho har sidan 2017 representert Vestfold fylke og partiet Høgre på Stortinget.
Westgaard utdanna seg i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og University of Oxford. Ho var bystyremedlem 2003-11 i Drammen og fylkestingsrepresentant 2007-11 i Buskerud. Etter ho gifta seg flytta ho til Larvik, og var 2011-17 kommunestyremedlem i Larvik kommunestyre og samstundes fylkestingrepresentant i Vestfold.
Frå 2010 til -14 arbeidde Westgaard-Halle som rådgjevar for Høgre si stortingsgruppe. I 2017 vart ho vald til stortingsrepresentant frå Vestfold, attvald i 2021. I stortinget 2017-21 hadde ho sete i Energi- og miljøkomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Kategoriar:
- Einskildkvinner
- Fødde i 1979
- Stortingsrepresentantar for Vestfold
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar 2017-2021
- Stortingsrepresentantar 2021-2025
- Lokalpolitikarar i Larvik
- Høgrepolitikarar i Vestfold
- Lokalpolitikarar i Drammen
- Høgrepolitikarar i Buskerud
- Norske statsvitarar
- Folk frå Drammen