Kari Elisabeth Kaski
Kari Elisabeth Kaski | |
![]() | |
Fødd | 12. juli 1987 (35 år) Kirkenes |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Sosialistisk Venstreparti |
Yrke | politikar |
Ektefelle | Ola Skaalvik Elvevold |
Kari Elisabeth Kaski (fødd 12. juli 1987) er ein norsk politikar frå Kirkenes, stortingsrepresentant frå Oslo for Sosialistisk Venstreparti sidan 2017.
Kaski er utdanna ved Handelshøyskolen BI, Universitetet i Oslo og Université de Bourgogne. I studietida var ho medlem av sentralstyret i Natur og Ungdom. Perioden 2011–15 arbeidde ho for Miljøstiftelsen Zero. På landsmøtet til Sosialistisk Venstreparti våren 2015 var ho vald til partisekretær. Ho trekte seg frå stillinga i 2017, etter ho vart vald til fyrstekandidat for Sosialistisk Venstreparti i Oslo ved det komande stortingsvalet. På Stortinget fekk ho plass i Finanskomiteen, ein posisjon ho hadde heile tingperioden. På SV sitt landsmøte i 2019 stilte ho til val som nestleiar, men tapte med 100 mot Torgeir Fylkesnes sine 108 røyster.