Torstein Solberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Torstein Tvedt Solberg)
Hopp til navigering Hopp til søk
Torstein Solberg
none
Fødd 2. mars 1985

Stavanger kommune

Torstein Tvedt Solberg (fødd 2. mars 1985) er ein politikar frå Stavanger som representerer Arbeidarpartiet. Han er frå hausten 2013 stortingrepresentant for Rogaland.

Solberg var medlem av bystyret i Stavanger frå 2003 til 2011, dei siste fire åra som medlem av formannskapet. Åra 2005-09 arbeidde han for Arbeidernes Ungdomsfylking. Han var til stades på Utøya då Anders Behring Breivik skaut 69 menneske.

Frå 19. september 2012 var Solberg politisk rådgjevar for næringsministeren, Trond Giske, til dess Stoltenberg II-regjeringa ikkje lukkast få fleirtal ved stortingsvalet 2013. Ved same stortingsvalet kom Solberg inn på Stortinget som Rogaland Arbeidarparti sin andrekandidat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]