Roy Steffensen
Roy Steffensen | |
![]() Steffensen på sentralbanksjefen sin årstale i 2016 Foto: Tore Sætre | |
Fødd | 10. september 1980 (42 år) |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Framstegspartiet |
Yrke | politikar |
Roy Steffensen (fødd 10. september 1980) er ein norsk politikar (Frp) som sit som representant for Rogaland på Stortinget i perioden 2013-2017. Her er han medlem av transport- og kommunikasjonskomitéen. [1] Steffensen er oppvaksen på Kvitsøy og er den første frå Kvitsøy som har fått fast plass på tinget. [2] Roy Steffensen har budd både på Kvitsøy, i Stavanger og i Oslo. [3]
Steffensen har arbeidd innan fiskeoppdrett i heimkommunen. Han meldte seg inn i Framstegspartiet i 1998, medan han tok økonomiske og administrative fag på vidaregåande i Stavanger. Frå 1998 til 2000 var han nestleiar i Rogaland FpU og frå 2003 til 2005 var han generalsekretær i FpU på landsbasis. I oktober 2011 vart han både varaordførar i heimkommunen Kvitsøy og rådgjevar for Frp si bystyregruppe i Stavanger. Året etter vart han nestleiar i Rogaland Frp. [4] Før stortingsvalet 2013 stod han på tredjeplass på Frp si liste i Rogaland. [5]
Roy Steffensen var også visepresident i Norges Biljardforbund 2006-2007 samt leiar i Christiania Biljardklubb 2005-2007. [6]
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Biografi på Stortinget.no
- ↑ NRK Rogaland, 09.09.13: Fikk barbiedukke til å ha med på stortingshybelen. Vitja 30.10.13.
- ↑ Roy Steffensen si offisielle heimeside: Om meg. Vitja 30.10.13
- ↑ CV frå Roy Steffensen si offisielle heimeside. Vitja 30.10.13, arkivert frå originalen 2013-11-01, henta 30. oktober 2013
- ↑ Bokmålswikipedia om Roy Steffensen. Vitja 30.10.13
- ↑ CV frå Roy Steffensen si offisielle heimeside. Vitja 30.10.13, arkivert frå originalen 2013-11-01, henta 30. oktober 2013