Willfred Nordlund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Willfred Nordlund
Willfred Nordlund (2017-03-23 bilde01).jpg
Fødd18. april 1988 (33 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
FarKarl-Erling Nordlund

Willfred Nordlund (fødd 18. april 1988) er ein norsk politikar frå Jennestad i Sortland kommune i Vesterålen. Han var fylkesråd 2015-17 i Nordland og har sidan 2017 vore stortingsrepresentant frå Nordland for Senterpartiet.

Nordlund arbeidde i sine unge år som kokk og lossearbeidar. Han studerte marknadsføring og var 2012-14 generalsekretær i Senterungdommen.

Allereie 19 år gammal vart Nordlund vald til fylkestingsrepresentant for Senterpartiet i Nordland. Han tok ikkje attval til fylkestinget i 2011, men kom tilbake ved fylkestingsvalet i 2015. Frå september 2015 til april 2017 var han fylkesråd for samferdsle i Nordland, og samstundes nestleiar i fylkesrådet. Nordlund var då den til dess yngste fylkesråden i landet.

Nordlund var 1. varamann til stortinget 2013–17, møtte på Tinget eit par-tre veker. I 2017 var han Senterpartiet sin fyrstekandidat i Nordland. Stortingsperioden 2017-21 hadde han sete i Kommunal- og forvaltningskomiteen. Til stortingsvalet 2021 vart han flytta til andreplass på stortingsvallista, kom likevel inn på Tinget med stor margin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]