Hans Fredrik Grøvan
Utsjånad
| Hans Fredrik Grøvan | |||
| Hans Fredrik Grøvan Foto: Hildegunn Bernsen | |||
| Fødd | 1. november 1953 (72 år) Kristiansand kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
| Yrke | politikar | ||
| Verv | Ordførar i Lyngdal 1995–2007 | ||
| Føregangar | Anders Nøkland | ||
| Etterfylgjar | Ingunn Foss | ||
| Verv | Parlamentarisk leiar i KrF 2019– | ||
| Føregangar | Knut Arild Hareide | ||
| Alle verv |
| ||
Hans Fredrik Grøvan (fødd 1. november 1953) er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti. Han vart vald som stortingsrepresentant frå Vest-Agder fylke etter stortingsvalet i 2013.[1] Sidan 2019 er han parlamentarisk leiar i KrF.[2]
Grøvan var fylkesleiar i Vest-Agder KrF frå 2011 til 2013. Han har tidlegare vore ordførar i Lyngdal kommune i perioden 1995–2007. Han var vararepresentant nr. 3 på Stortinget for Vest-Agder 2001–2005, og han var også styreleiar i Agder Energi fram til desember 2005. Grøvan har også hatt ei stilling som prosjektleiar ved Senter for livsmestring og vore dagleg leiar i Lister nyskaping.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hans Fredrik Grøvan» frå Wikipedia på bokmål, den 12. oktober 2013.
- ↑ Stortinget: Hans Fredrik Grøvan. Biografi.
- ↑ Alnes, Randen, Krekling, Sandvik og Skei. (29.1.2019). Knut Arild Hareide trekker seg som parlamentarisk leiar for KrF. NRK. Lese den 11.5.2019.