Mari Lønseth
Utsjånad
| Mari Lønseth | |||
| | |||
| Fødd | 29. august 1991 (34 år) Trondheim | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Yrke | advokat, politikar | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
| Ektefelle | Sivert Bjørnstad | ||
| Alle verv |
| ||
Mari Holm Lønseth (fødd 29. august 1991) er ein norsk jurist og politikar frå Trondheim. Ho har sidan 2017 vore stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag og for partiet Høgre.
Lønseth er er utdanna i jus ved Universitetet i Oslo. Frå 2015 jobba ho i advokatfirmaet Steenstrup Stordrange si avdeling i Trondheim.
Lønseth engasjerte seg i politikk frå tidleg i tenåra. Ho var medlem i Trondheim bystyre frå 2011 til 17. Til stortingsvalet 2017 fekk ho andreplassen på Høgrelista i Sør-Trøndelag, og vart vald inn med stor margin. Perioden 2017-21 hadde ho plass i Helse- og omsorgskomiteen. Lønseth vart attvald til Stortinget 2021-25.