Eigil Knutsen
Eigil Knutsen | |
Fødd | 28. oktober 1988 (34 år) Haugesund sjukehus |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Eigil Knutsen (fødd 28. oktober 1988) er ein norsk politikar frå Karmøy i Rogaland. Han har sidan 2017 representert Hordaland og Arbeidarpartiet på Stortinget.
Knutsen er utdanna i økonomi ved Universitetet i Bergen. I studetida engasjerte han seg i AUF og deltok i 2011 på fylkinga sin sommarleir på Utøya. Under terroråtaket vart han berga av friviljuge som kom til øya med båt. 2015-17 arbeidde han som rådgjevar for byrådsleiaren i Bergen. Hausten 2017 vart han vald til stortingsrepresentant for Arbeidapartiet, medlem i Finanskomiteen.