Jette Christensen
(Omdirigert frå Jette F. Christensen)
Jette Christensen | |
![]() | |
Fødd | 1. juni 1983 (39 år) |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Sambuar | Frithjof Jacobsen |
Jette Fugelsnes Christensen (fødd 1. juni 1983) er ein norsk Arbeidarparti-politikar og stortingsrepresentant frå Eigersund.
Christensen var vara-representant til Stortinget for Hordaland under perioden 2009–2013. Frå september 2010, då Per Rune Henriksen blei utnemnd til statssekretær, møtte Christensen fast i Stortinget til mai 2013. Ho gjekk inn i Kontroll- og konstitusjonskomiteen.[1] Periodane 2013-17 og 2017-21 hadde Christensen fast plass i Stortinget. I den siste perioden var ho medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen.
Christensen varsla i 2020 at ho ikkje ville ta attval. "Jeg opplevde rett og slett at Arbeiderpartiets stortingsgruppe var et underlig sted å være", uttrykte ho overfor avisa Bergens Tidende.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Christensen, Jette F. ( 1983- ) ved stortinget.no
- ↑ [1] BT 23.2.2020