Mudassar Kapur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mudassar Kapur
Mudassar Kapur - 2013-08-10 at 12-48-52.jpg
Mudassar Kapur
Foto: Kjetil Ree
Fødd 14. desember 1976

Oslo

Parti Høgre

Mudassar Hussain Kapur (fødd 14. desember 1976 i Oslo) er ein norsk-pakistansk næringslivsmann og politikar for Høgre. Han har vore vald inn på Stortinget frå Oslo sidan 2013 og er medlem av Kommunal- og forvaltningskomitéen.

Faren kom til Noreg frå Pakistan som arbeidsinnvandrar i 1971, og tok etter kvart med seg familien.[1] Kapur studerte marknadsføring, merkevarebygging og leiing ved Handelshøyskolen BI og Markedshøyskolen 1995–2000, og har MBA i strategisk leiarskap frå Norges Handelshøyskole fra 2012. Sidan 2012 har Kapur vore leiar for innsamling og marknad i SOS-barnebyer Norge. Før dette var han kampanjesjef i Hovudorganisasjonen i Høgre 2006–2012 og i ulike stillingar innan sal og marknadsføring i Shell 2000–2006, sist som marknadssjef i Norden 2004–2006.

Sidan 2011 har han vore medlem av Oslo bystyre, der han sit i finanskomiteen. Han har også vore tillitsvald i Søndre Nordstrand Høgre. Kapur blei vald inn på Stortinget frå Oslo ved stortingsvalet i 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Riaz, Wasim K. (11. mars 2013). «Høyre-kometen Kapur». osloby.no. Henta 2. juli 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mudassar Kapur