Tore Hagebakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tore Hagebakken
none
Fødd 8. januar 1961

Vestre Toten

1. verv Ordførar i Gjøvik
 - periode 1992-2000
 - føregjengar Martin Stikbakke
 - etterfylgjar Kåre Haugen
2. verv Ordførar i Gjøvik
 - periode 2001-2005
 - føregjengar Kåre Haugen
 - etterfylgjar Kåre Haugen

Tore Hagebakken (fødd 8. januar 1961 i Vestre Toten) er ein norsk journalist og politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart valt inn på Stortinget frå Oppland fylke ved stortingsvalet 2005. Han har også vore statssekretær i Sosial- og helsedepartementet.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Hagebakken har vore journalist i Oppland Arbeiderblad 1980-1990, og var assisterande redaktør same stad 1990-91. Hagebakken har vore kommunestyremedlem frå 1979, ordførar i Gjøvik kommune frå 1992 til 2005, og var i 2000-2001 statssekretær i Sosial- og helsedepartementet. Han har også sete i sentralstyret i Arbeidarpartiet sidan 1995. Hagebakken var medlem av Rådet for Lillehammer Olympiske Komite (LOOC) frå 1992 til 1994, og har i fleire år vore styremedlem i Oppland Energiverk og Mjøskraft.

Hagebakken var vararepresentant til Stortinget i periodane 1985–1989 og 1989–1993. Han vart valt inn som stortingsmann frå Oppland fylke ved stortingsvalet 2005 og valt på nytt i 2009, 2013 og 2017. I den første stortingsperioden var Hagebakken leiar av Stortingets kommunalkomité og i den neste perioden andre nestleiar i helse- og omsorgskomiteen.

Regjering[endre | endre wikiteksten]

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]