Hopp til innhald

Elise Bjørnebekk-Waagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elise Bjørnebekk-Waagen
Fødd19. februar 1990 (35 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Elise Bjørnebekk-Waagen, fødd Waagen, (fødd 19. februar 1990) er ein norsk politikar frå Hannestad i Sarpsborg. Ho har sidan 2017 representert Østfold og ArbeidarpartietStortinget.[1]

Elise Waagen deltok i 2011 på AUF sin sommarleir på Utøya i Hole. Under terroråtaket mot leiren vart ho skadeskoten i låret, ein skade det tok lang tid å utbetre.[2] [3]

Waagen var bystyremedlem i Sarpsborg frå 2015, der ho vart vald til leiar i utvalet for velferd og folkehelse.[4] Hausten 2017 kom ho inn på Stortinget som Arbeidarpartiet sin andrekandidat frå Østfold, attvald i 2021. Perioden 2017-21 var ho medlem i Arbeids- og sosialkomiteen.[1]

  1. 1 2 «Elise Bjørnebekk-Waagen». Stortinget.no.
  2. «Ble skutt og havnet i rullestol etter Utøya – nå driver Elise (26) med krevende multisport». TV2.no. 25. mai 2016. Henta 1. april 2017.
  3. «Nå er Elise klar for nye kamper». Fredriksstad Blad. 18. juli 2016. Henta 1. april 2017.
  4. «På vei mot Stortinget». Kommunal Rapport, 16. mars 2017.