Aleksander Stokkebø
Aleksander Stokkebø | |
Fødd | 2. november 1994 (28 år) Stavanger kommune |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar |
Aleksander Stokkebø (fødd 2. november 1994) er ein norsk politikar frå Stavanger. Han har sidan 2017 vore stortingsrepresentant frå Rogaland for partiet Høgre.
Stokkebø har studert jus. I 2015 vart han vald til bystyremedlem i Stavanger og til fylkestingsmedlem i Rogaland. Hausten 2017 vart han 1. vararepresentant til Stortinget frå Rogaland. Etter som Bent Høie vart verande statsråd i Solberg-regjeringa heile fireårsperioden, møtte Stokkebø fast til 2021. Fram til 8. februar 2018 var han medlem i Utdannings- og forskningskomiteen, sidan ut perioden i Finanskomiteen. Gjennom stortingsvalet 2021 fekk han fast plass på Stortinget.