Nils Kristen Sandtrøen
Utsjånad
| Nils Kristen Sandtrøen | |||
| | |||
| Fødd | 2. februar 1989 (37 år) Tynset kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, langrennsløpar | ||
| Alle verv |
| ||
Nils Kristen Sandtrøen (fødd 2. februar 1989) er ein norsk politikar frå Tynset. Den 4. februar 2025 vart han utnemnd til landbruks- og matminister i Støre-regjeringa.[1] Sandtrøen representerte Hedmark og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 2017 til 2025.
Sandtrøen var aktiv i AUF og deltok i 2011 på fylkinga sin sommarleir på Utøya. Han overlevde terroråtaket ved å symje frå øya. Sidan var han journalist i Aftenposten og i Arbeidets Rett, samt 2014-15 rådgjevar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet. Hausten 2015 vart han vald til kommunestyremedlem i Tynset, og deretter varaordførar 2015–2017 for Tynset.
Gjennom stortingsvalet 2017 fekk Sandtrøen plass på Stortinget, attvald i 2021. I perioden 2017–2021 hadde han sete i Næringskomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Nils Kristen Sandtrøen ny landbruks- og matminister». Landbruks- og matdepartementet. 6. februar 2025.