Arild Grande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arild Grande
Arild Stokkan-Grande - Arbeiderpartiet.jpg
Fødd5. april 1978 (42 år)
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, musikar

Arild Stokkan-Grande (fødd 5. april 1978 i Trondheim) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, oppvaksen på Ytterøy i Levanger kommune. Han vart valt som vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag i 2005, og møtte fast mens Bjarne Håkon Hanssen var i regjering. Ved stortingsvalet 2009 var han 2. kandidat frå Nord-Trøndelag Arbeidarparti, og vart vald inn på eige mandat.

Han er utdanna ved institutt for musikk ved NTNU, og arbeidde som organist i Levanger 2000–2005.

Stokkan-Grande var fylkessekretær i Nord-Trøndelag AUF 1997–2000, og fylkesleiar 2000–2002. Han var medlem av Nord-Trøndelag fylkesting 2003–2005. Hausten 2007 vart han nemnt opp som leiar av Mannspanelet, nedsett av Barne- og likestillingsdepartementet i samband med ei ny stortingsmelding om menn og mannsroller.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]