Hårek Elvenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hårek Elvenes

Fødd17. juni 1959 (64 år)
Sortland kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Utdanna vedHandelshøyskolen BI
Norges handelshøyskole
Alle verv

Hårek Elvenes (fødd 17. juni 1959 på Sortland i Vesterålen) er ein norsk politikar for Høgre. Han har vore vararepresentant til Stortinget frå Akershus sidan 2005. Han møtte 16. oktober 2013-30. september 2017 fast for Jan Tore Sanner. Elvenes var medlem av Justiskomiteen.

Han vart vald som stortingsrepresentant frå Akershus fylke ved stortingsvalet i 2017.

Elvenes har examen artium frå reallinja ved Sortland gymnas frå 1978 og gjekk Ingeniørskulen for hæren 1978–1981 og Befalskulen for ingeniørvåpenet på Hvalsmoen i 1981. Han tenestegjorde som befal i ingeniørkompaniet i Brigaden i Nord-Noreg 1981–1984. Elvenes er utdanna siviløkonom frå Handelshøgskolen BI frå 1991 og Mastar of Business Administration (MBA) frå Noregs Handelshøgskole frå 2005.

Han har bakgrunn frå oljeservice-, entreprenør- og eigedomsbransjen. Han var formann og anleggsleiar i Aker Entreprenør AS 1984–1987, kontraktsleder i Norwegian Contractors AS 1991–1995, controller i Eeg-Henriksen AS 1995–1996, controller og økonomidirektør i Vegdekke OS 1996–2003, føretaksrådgjevar i Ellefsen & Nilsen AS 2005–2007 og regionsjef for Nord-Noreg i Forsvarsbygg 2007–2013.

Elvenes har vore medlem av Bærum kommunestyre sidan 1995 og satt i formannskapet 1999–2007. Han var gruppeleiaren til partiet 2003–2007. Han var leiar i Bærum Høgre 2000–2004, første nestleiar i Akershus Høgre 2004–2012 og leier i fylkespartiet etter dette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]