Maria Aasen-Svensrud
Maria Aasen-Svensrud | |
Fødd | 22. februar 1980 (43 år) Horten |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Maria-Karine Aasen-Svensrud, fødd Aasen, (fødd 22. februar 1980 er ein lærar og politikar frå Åsgårdstrand som sidan 2017 har representert Vestfold og Arbeidarpartiet på Stortinget.
Aasen studerte sosiologi ved Høgskolen i Vestfold og underviste ved Horten videregående skole. I 2017 vart ho vald til stortingsrepresentant frå Vestfold, attvald i 2021. Perioden 2017-21 hadde ho sete i Justiskomiteen.