Jorodd Asphjell
Jorodd Asphjell | |
![]() | |
Fødd | 17. juli 1960 (62 år) Orkdal |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Jorodd Asphjell (fødd 17. august 1960 i Orkdal i Sør-Trøndelag) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han har sete på Stortinget for Sør-Trøndelag sidan 2005. Asphjell var varaordførar i Orkdal kommune frå 1999 til 2003, og har sete åtte år i kommunestyret i Orkdal. Han har også sete tolv år i Sør-Trøndelag fylkesting og fylkesutvalet frå 1987 til 1999.
Jorodd Asphjell voks opp på Fannrem i Orkdal. Han har vore engasjert i frivillig arbeid i Orkdal idrettslag med leiarverv frå 1989 til 2004, og har vore nestleiar i Sør-Trøndelag Skikrets. Adresseavisen kåra han i juni 2008 til den mest innverknadsrike i trøndersk idrett.[1] Han vart æresmedlem i Orkdal IL i 2003.
Asphjell er utdanna trykker, og arbeidde i trykkeri 1977–1994, som sjølvstendig næringsdrivande 1994–1997, og som fylkessekretær i Arbeidarpartiet 1997–2005.
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 2005–: medlem i Helse- og omsorgskomiteen
- 2005–2009: varamedlem i Valkomiteen
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 2008-06-13, henta 13. september 2010
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Einskildmenn
- Fødde i 1960
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Stortingsrepresentantar 2017-2021
- Stortingsrepresentantar 2021-2025
- Lokalpolitikarar i Orkdal
- Ap-politikarar i Sør-Trøndelag
- Folk frå Orkdal