Morten Stordalen
Morten Stordalen | |
![]() | |
Fødd | 5. oktober 1968 (54 år) Tønsberg |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Framstegspartiet |
Yrke | politikar |
Morten Stordalen (fødd 5. oktober 1968) er ein norsk politikar for Frp som vart representant for Vestfold på Stortinget i 2013. I perioden 2013-2017 var han medlem av Familie- og kulturkomitéen. I 2005-2009 var Stordalen fjerde vararepresentant. I neste periode rykka han opp til første varamann og fekk dermed ein del ansiennitet på Stortinget.[1]
Stordalen har vore varaordførar i heimkommunen Re sidan kommunen blei skipa i 2002 og til kommunevalet 2011.[2]
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Biografi på Stortinget.no
- ↑ Reavisa.no: Stordalen første fra Re på tinget. Vitja 30.10.13, arkivert frå originalen 2013-09-28, henta 30. oktober 2013