Hege Haukeland Liadal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hege Haukeland Liadal
Fødd 29. november 1972

Haugesund

Hege Haukeland Liadal (fødd 29. november 1972) er ein norsk politikar frå Haugesund som er medlem av Arbeidarpartiet. Frå oktober 2013 er ho stortingsrepresentant for Rogaland.

Liadal arbeidde på 1990-talet i kultur-sektoren i Haugesund kommune. Frå 1999 var ho leiar av Star Tour-kontoret i Stavanger, ei stilling ho hadde i ti år. Ho flytta deretter tilbake til Haugesund, der ho frå 2012 var tilsett som prosjektleiar for Haugaland Kunstverk.

Ved kommunevalet 2011 var Liadal Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Haugesund, eit ombod som Høgre-mannen Petter Steen lukkast vinne. Liadal tok sete i bystyret. Liadal var Rogaland Arbeidarparti sin tredjekandidat ved stortingsvalet 2013, og vart vald inn på Tinget som fylket sin niande representant. På Stortinget fekk ho plass i Familie- og kulturkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]