Mona Fagerås
| Mona Fagerås | |||
| | |||
| Fødd | 9. januar 1972 (54 år) Harstad kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Sosialistisk Venstreparti | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Mona Lill Fagerås (fødd 9. januar 1972) er ein norsk lærar og politikar frå Buksnes i Vestvågøy. Ho var 2015-17 fylkesråd for næring i Nordland, og var stortingsrepresentant frå Nordland for Sosialistisk Venstreparti frå 2017 til 2025.
Fagerås er utdanna lærar ved Høgskolen i Tromsø og studerte sosiologi ved Universitetet i Tromsø. Frå 1996 underviste ho på ulike skular, var ei tid rektor ved Buksnes og Opdøl skole.[1]
Fagerås var kommunestyremedlem i Vestvågøy frå 2003, frå 2011 med sete i formannskapet.[1] Etter fylkestingsvalet 2015 tok Fagerås over som Nordlands fylkesråd for næring og regional utvikling,[2] ein posisjon ho hadde til hausten 2017. Ved stortingsvalet 2017 var ho SV sin fyrstekandidat i Nordland, og fekk plass på Tinget med utjamningmandat. Ho vart attvald til Stortinget 2021-25. Perioden 2017-21 var ho medlem i Utdannings- og forskningskomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Mona Fagerås». Nordland fylkeskommune. Arkivert frå originalen 2016-05-07. Henta 9. mai 2016.
{{cite web}}: Invalid|dødlenke=ja(hjelp) - ↑ Valberg, Ingvil (18. september 2015). «Mona Fagerås inn i fylkesrådet». Lofotposten. Henta 9. mai 2016.