Arne L. Haugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne L. Haugen
Arne L Haugen - Arbeiderpartiet.jpg
Fødd25. juli 1939 (83 år)
Meldal
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Arne L. Haugen (fødd 25. juli 1939 i Meldal) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet.

Han var ordførar i Meldal kommune i Sør-Trøndelag frå 1979 til 2005, noko som gjer han til ein av dei som har sete lengst som ordførar i Noreg. Haugen vart vald som vararepresentant til Stortinget frå Sør-Trøndelag i 2005, og møtte fast mens Trond Giske var i regjering.

Haugen har skogbruksutdanning, og dreiv eigen gard inntil han vart politikar på heiltid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]