Linda Hofstad Helleland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Linda Hofstad Helleland
Linda Cathrine Hofstad Helleland.jpg
Linda Hofstad Helleland
Foto: Kjetil Ree
Fødd26. august 1977 (44 år)
Klæbu
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Utdanna vedNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
EktefelleTrond Helleland
VervDistrikts- og digitaliseringsminister
FøregangarNikolai E. Astrup
VervBarne-, familie-, likestillings- og inkluderingsminister 17. januar 2018– 22. januar 2019
FøregangarSolveig Horne
EtterfylgjarKjell Ingolf Ropstad
VervNorsk kulturminister 16. desember 2015–17. januar 2018
FøregangarThorhild Widvey
EtterfylgjarTrine Skei Grande
VervStortingsrepresentant 2001–2009 (vara), 2009– (fast)
VervVisepresident i World Anti-Doping Agency 20. november 2016–
FøregangarMakhenkesi Stofile

Linda Cathrine Hofstad Helleland (fødd 26. august 1977 i Klæbu) er ein norsk politikar frå Høgre. Ho var barne-, familie-, likestillings- og inkluderingsminister i regjeringa Solberg frå 17. januar 2018 til 22. januar 2019.[1] Ho var kulturminister i same regjering frå 16. desember 2015 til 17. januar 2018. Frå 24. januar 2020 vart ho distrikts- og digitaliseringsminister.

Ho var 1. vararepresentant til Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke frå 2001 til 2009, og møtte fast for Børge Brende frå 2001 til 2005 mens han sat i regjering. Helleland møtte igjen fast etter at Brende i 2008 vart samtykka i permisjon for å arbeide som direktør i Verdas økonomiske forum. I 2009 vart ho vald inn på Stortinget på eige mandat.

Helleland har examen artium frå 1997, og studerte ved NTNU frå 1998 til 2000. Ho arbeidde som sekretær i Sør-Trøndelag Høgre frå 1997 til 1998. I yrkeslivet har ho erfaring som servitør og deretter pleieassistent, inntil ho vart vald inn på Stortinget. Helleland var medlem av Trondheim bystyre frå 1999 til 2001, og leiar av Høgres kvinneforum frå 2004 til 2010.

Ho er gift med stortingsrepresentant Trond Helleland frå Buskerud.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 17. januar 2018. Henta 18. januar 2018.