Hopp til innhald

Line Henriette Hjemdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Line Henriette Hjemdal

Fødd18. oktober 1971 (54 år)
Sarpsborg kommune
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Religionkristendom
Yrkepolitikar
Utdanna vedMF vitskapeleg høgskule
FarOdd Holten
Alle verv

Line Henriette Holten Hjemdal (fødd 18. oktober 1971) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Ho var stortingsrepresentant for Østfold fylke frå 2005 til 2017.

Hjemdal er fødd i Sarpsborg som dotter av tidlegare stortingsrepresentant Odd Holten. Ho voks opp og i Fredrikstad. Ho har budd i Askim og Fredrikstad i vaksen alder. Hjemdal er gift og har to døtrer.

Ho er utdanna teolog (Menighetsfakultetet 1996), og har arbeidd som generalsekretær i Kristeleg Folkepartis Ungdom, som informasjonsrådgivar for KrF på Stortinget og som politisk rådgivar hos Dagfinn Høybråten, først i Sosial- og helsedepartementet (2001–04), deretter i Arbeids- og sosialdepartementet (2004–05).

I 2003 vart ho vald i Askim bystyre.

Hjemdal vart vald inn på Stortinget frå Østfold fylke i 2005, 2009 og 2013.

8. oktober 2009 vart Hjemdal vald til 5. visepresident i Stortinget.

  • 23. oktober 200131. desember 2001: Politisk rådgivar Sosial- og helsedepartementet
  • 1. januar 20021. oktober 2004: Politisk rådgivar Helsedepartementet
  • 1. oktober 200428. februar 2005: Politisk rådgivar Arbeids- og sosialdepartementet

Stortingskomitear

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]