Ib Thomsen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ib Thomsen | |
Ib Thomsen
Foto: FrPMedia | |
Fødd | 6. oktober 1961 |
---|---|
Parti | Framstegspartiet |
Wikimedia Commons: Ib Thomsen | |
Ib Thomsen (fødd 6. oktober 1961) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Akershus fylke under stortingsvalet 2005 og vald på nytt i 2009. I periodane 1993-1997 og 2001-2005 var han vararepresentant.
Thomsen er utdanna frå BI og Forsvaret, og dreiv eige firma frå 1985 til 2005.
Han var medlem av Nittedal kommunestyre og formannskap 1987-2005. Han var styreleiar i Nittedal energiverk 1995-99 og områdesjef i HV 1999-2009.
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 2005–2009 - medlem av Kommunal- og forvaltingskomiteen.
- 2009–2013 - medlem av Familie- og kulturkomiteen.