Håkon Haugli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
HakonHaugli.jpg

Håkon Haugli (fødd 21. mai 1969 i Oslo) er ein norsk jurist og politikar frå Arbeidarpartiet. Han møter fast på Stortinget for Oslo Arbeiderparti som vararepresentant for Jens Stoltenberg etter stortingsvalet 2009. Haugli er medlem av Kommunal- og forvaltingskomiteen og av Norges delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling.

Sidan 2007 har Haugli vore medlem av Oslo bystyre og byutviklingskomiteen. I perioden 1995 - 97 var han varamedlem til Oslo bystyre og helse- og sosialkomiteen.

Haugli er fødd på Aker universitetssjukehus og voks opp på Ammerud i Oslo og i Lørenskog. Han er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo og har sidan 1998 jobba i næringslivet. Haugli var leiar av avdeling Oppgjør og Kundebetjening Person i forsikringsselskapet Gjensidige då han vart valt inn på Stortinget.

Haugli har hatt ei rekkje tillitsverv i Arbeidarpartiet, AUF og Sosialdemokratisk Studentforbund (SSF). Han har vore styremedlem og nestleiar i St. Hanshaugen Arbeidarpartilag, leiar av Grønland-Tøyen-Gamlebyen Arbeiderpartilag og styremedlem i Oslo Arbeidersamfunn. Sidan 2005 har Haugli leidd Homofile og lesbiske sosialdemokrater som han var med på å etablere i 2004.

I august 2007 vart han oppnemnt som medlem i Mannspanelet som vart sett ned av barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem i samband med stortingsmeldinga om menn, mannsroller og likestilling. I januar 2008 kåra nettstaden Gaysir Haugli til landets nest mektigaste homofile mann, etter Oslos byrådsleiar Erling Lae (H). I 2009 og 2010 fekk han høvesvis femte- og fjerdeplass på same oversikt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]