Gunvor Eldegard
Gunvor Eldegard | |
![]() Gunvor Eldegard Foto: Jarle Vines | |
Fødd | 14. april 1963 (59 år) Årdal |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Verv | Ordførar i Ski 2003–2005 |
Føregangar | Georg Stub |
Etterfylgjar | Amund Kjernli |
Gunvor Eldegard (fødd 14. april 1963 i Årdal) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho har sete på Stortinget for Akershus fylke sidan 2005. Eldegard var ordførar i Ski kommune frå 2003 til ho vart vald inn på Stortinget i 2005. Amund Kjernli (Ap) tok då over som ordførar. Eldegard sat i formannskapet i kommunen frå 1999 til 2003.
Ho er utdanna elektrikar frå 1981, og ingeniør frå Kongsberg ingeniørhøgskole 1983–1985. Ho har arbeidd i Kværner, og frå 1995 som dagleg leiar og ansvarleg leiar i ERC A/S. Ho var leiar i organisasjonen Kvinner i mannsyrker frå 1991 til 1993, og var landsstyremedlem i KS mens ho var ordførar.
Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]
- 2005–2009 1. nestleiar i Næringskomiteen
- 2009–2013 medlem av Finanskomiteen
- 2009–2013 medlem av Valkomiteen