Bård Hoksrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bård André Hoksrud)
Bård Hoksrud

Fødd26. mars 1973 (50 år)
Porsgrunn
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
VervFormann i FpU 1999–2002
FøregangarAnders Anundsen
EtterfylgjarTrond Birkedal
Alle verv

Bård André Hoksrud (fødd 26. mars 1973 i Porsgrunn) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Telemark i 2005, og vart sist attvald i 2017. Han var vararepresentant i periodane 1997–2005.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Hoksrud har vore kommunestyrerepresentant i Bamble kommune og medlem av fylkestinget i Telemark. Han har tidlegare vore formann av Framstegspartiets Ungdom. Frå 31. august 2018 til 22. januar 2019 var han landbruks- og matminister i Regjeringa Solberg.

I september 2011 vart han filma av TV2 på veg ut av ein bordell i Riga.[1] Han innrømte etter dette å ha kjøpt sex av ei prostituert kvinne. Hoksrud trekte seg etter avsløringa frå alle verv i FrP, men held fram som stortingsrepresentant.[2] Han vedtok bota på 25 000 kroner som han vart pålagt å betale av Politiet i Telemark for brot mot §202a i Straffelova.[3]

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjørn Carlsen. «Stortingspolitiker kjøpte sex i Riga» (på norsk bokmål). TV2. Henta 18. juni 2023. 
  2. Julie Haugen Egge; Grete Ingebjørg Berge; Anne Lognvik & Jonas Sætre. «– Hoksrud trekker seg fra sine politiske verv» (på norsk bokmål). NRK. Henta 18. juni 2023. 
  3. Lena Beathe Jakobsen (22. september 2011). «Hoksrud godtar bot». varden.no. Henta 22. september 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bård Hoksrud